Prosjekter

Prosjekter  » Detaljplan for SalMar Genetics AS – varsel om oppstart

Detaljplan for SalMar Genetics AS – varsel om oppstart

img

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar ART arkitekter og ingeniører AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for næringsverksemd på Vågstranda. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. SalMar Genetics AS står som forslagsstillar og ART og OSE står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gnr. 194, bnr. 20 m. fl, og femner om eit areal på 16 daa. Det vart halde oppstartsmøte med Vestnes kommune 17.09.2020. Formålet med planarbeidet er å regulere til:
• Næringsformål, leggje til rette for vidare utvikling
• Kai, utfylling i sjø

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til ART, mob. 959 95 969 eller e-post og@a-r-t.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Vestnes kommune, ART og OSE.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til ART arkitekter og ingeniører AS, per e-post til post@a-r-t.no eller Langelandsvn 17, 6010 Ålesund innan 16.10.2020. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.